Ytre Herøy ungdomsskule får arbeidsmiljøprisen

– Kollegiet strekker seg for kvarandre og støttar kvarandre, heiter det i grunngivinga for prisen.

ein person snakkar til ei gruppe lærarar - Klikk for stort bileteEli Karin Kvalsund las opp grunngivinga for prisen til kollegiet ved skulen. Marte Skrede Hide

Arbeidsmiljøprisen for 2023 i Herøy kommune blei delt ut på skulen fredag. Eli Karin Kvalsund, leiar for arbeidsmiljøutvalet i kommunen, delte ut prisen. Arbeidsmiljøutvalet er jury og avgjer kven som får prisen.

– Mange strekk seg langt

Leiargruppa ved Ytre Herøy ungdomsskule hadde nominert skulen. Arbeidsmiljøutvalet legg nominasjonen til grunn for tildelinga, og han lyder slik:

«Vi vil nominere YHU til arbeidsmiljøprisen. «YHU: ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi gjer det godt på blant anna elevundersøkinga. Godt samhald, gode relasjonar og mykje god stemning gir resultat i god læring. 

Det er høg trivselsfaktor på skulen vår. Mange strekk seg langt for at vi skal ha det bra. Når vi har høg trivsel vel mange å strekke seg litt ekstra. Vi har lågt sjukefråver, blant anna. Vi trur på, og erfarar, ein arbeidsstad der humor får mykje plass i kvardagen. Det styrkjer samhaldet, kreativiteten, immunforsvaret og toleevna og er med på å halde sjukefråværet nede.

ein blomsterbukett, eit diplom og ein konvolutt - Klikk for stort bilete Marte Skrede Hide

Nokre av dei positive tiltaka vi har for eit godt arbeidsmiljø:

  • Vi har lærartrim av og til. Silje, Marita og Mikkel har trent oss.
  • Disco i matfriminuttet, DJ Snitch og DJ Cringe, Renate og Elisa. Elevane elskar dette, og det gir god stemning.
  • Lærarband, skapar god stemning i hallen av og til, særleg før juleferien. Vi kan då sjå både rektor, lærarar og elevar i dans.
  • Thomas, ein altmulegmann som stiller opp og fiksar.
  • GrandPrix, Selma og Guro har kome til oss med gode erfaringar og planar for å innføre dette på YHU. Personalet stilte med eige innslag, noko som førte til mykje latter og samhald.
  • Secret Santa og adventskalendar, primus motor Stine.
  • 17. mai-leikar, primus motor Maria og elevrådet.
  • Sosialkomité som ordnar med sosiale samkomer 2–3 gonger i halvåret.

YHU er ein arbeidsstad der både elevar og lærarar trivst og lærer. Vi i leiargruppa vil framheve alle i kollegiet, i dei ulike rollene. Vi er ein gjeng med menneske som strekker seg for kvarandre og støttar kvarandre. Vi håper dette vert lagt merke til no.»

to personar har ordet på eit lærarrom - Klikk for stort bileteRektor Helge Hamre og Eli Karin Kvalsund, leiar i arbeidsmiljøutvalet. Marte Skrede Hide

Tiltak som skaper eit trygt arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøprisen blir gitt kvart år til ei avdeling i kommunen. Vinnarane får 10 000 kroner og eit diplom. Pengepremien skal nyttast til arbeidsmiljøtiltak i vinnaravdelinga.

Arbeidsmiljøprisen blir gitt for tiltak som

  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • kan bidra til auka motivasjon, entusiasme og humør
  • medverkar til samarbeid over etablerte grenser
  • verkar førebyggande på helseskadar
  • har stor overføringsverdi

Alle tilsette kan nominere kandidatar til arbeidsmiljøprisen. Medlemmene i arbeidsmiljøutvalet kan også nominere.