Temaveke om berekraftig utvikling

Elevar arbeider i klasserommet - Klikk for stort bilete8. klasse hadde ei lærerik veke om berekraftig utvikling. Ytre Herøy ungdomsskule

8. trinnet ved Ytre Herøy ungdomsskule har hatt temaveke om berekraftig utvikling.

Elevane fekk lære om FN sine berekraftmål, og om kva vi kan gjere for å satse på ei berekraftig utvikling. Dei kunne også velje gruppeoppgåver som dei skulle jobbe med i løpet av temaveka.

Her er nokre av oppgåvene dei kunne velje mellom: Kunst av søppel, film om berekraft, redesign, podkast om berekraft og veggavis/plakat.

Elevane viste seg frå ei kreativ side denne veka, og humøret var på topp. Tilbakemeldingane var at dei likte spesielt den delen der dei kunne vere kreative, og skape noko av «gamle» kle og av det dei fann av søppel ute.

Temaveka vart avslutta 16. mai med rydding av bos rundt om på Bergsøya. På tre timar samla elevane inn 100 kg med plast og anna søppel.