Adobe Stock
Høyringa er basert på vedtak i kommunestyret 26. september 2024: «Kommunestyret ber administrasjonen greie ut dei økonomiske, pedagogiske og sosiale konsekvensane av å slå saman barneskulane i indre Herøy og å slå saman ungdomsskulane til ein felles ungdomsskule.»
Økonomiske, pedagogiske og sosiale konsekvensar
Endringane som er på høyring vil innebere dette:
- Barneskulane Moltu, Leikanger og Stokksund skule (barneskuletrinna) vert slått saman til ein barneskule.
- Ungdomsskuletrinna ved Stokksund skule vert slått saman med Ytre Herøy ungdomsskule til ein samla Herøy ungdomsskule.
- Krinsgrensene for skulane vert endra tilsvarande.
Alle innbyggarar er velkomne til å ytre seg i høyringa. Dei som vil vere spesielt omfatta av endringane, får tilsendt informasjon om høyringa direkte. Det gjeld FAU-leiarane og leigetakarar av bygga.
Kommunen ber særleg om høyringssvar knytte til dei temaa som kommunestyret ba om å få greidd ut: økonomiske, pedagogiske og sosiale konsekvensar.
Sjå dokumenta som er på høyring
Høyring om skulestrukturen i Herøy (PDF, 6 MB)
Forskrift om krinsgrenser for grunnskulebarn i Herøy kommune (PDF, 38 kB)
Send høyringssvar seinast 2. februar
Send høyringssvar i skjemaet på denne lenka. Det er også mogleg å sende høyringssvar til postmottak@heroy.kommune.no eller i brev til Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg.
Høyringssvara vert offentlege og vil følgje saka i den vidare sakshandsaminga.
Høyringsfrist: 2. februar 2025
Kontaktperson: Sølvi Lillebø Remøy, assisterande kommunedirektør.