Har du innspel til den alkoholpolitiske handlingsplanen?

Den nye planen er no på høyring. I utkastet frå formannskapet er skjenketidene endra til det maksimale av det lova tillet (06.00–03.00 for øl og vin, 13.00–03.00 for sprit).

ein servitør tappar i eit glas - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Alkohollova pålegg kommunen å lage ein alkoholpolitisk handlingsplan. Planen fastset kommunen sin løyvepolitikk som skal gjennomføre formålet i alkohollova: å redusere dei individuelle og samfunnsmessige skadene som alkoholbruk kan medføre. Det står i utkastet til ny alkoholpolitisk handlingsplan for Herøy, som no er på høyring.

Formannskapet gjorde dette vedtaket 19. juni 2024:

1. Alkoholpolitisk handlingsplan vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 01.07.24–16.08.24 med følgande endring: Skjenketidene vert endra til det maksimale av det lova tillet.
2. Etter at høyringa er avslutta vert planen lagt fram for handsaming i råd og utval, formannskap og kommunestyre.

Slik gir du innspel til utkastet

Her lastar du ned utkastet som er på høyring (PDF, 537 kB).

Innspela dine kan du sende i dette digitale skjemaet.

  • I feltet «årstal» skriv du 2024.
  • I feltet «mappenr.» skriv du 655.

Du kan alternativt sende innspel på e-post til postmottak@heroy.kommune.

Du kan også sende innspel i posten. Adressa er: Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. Merk også det du sender i posten med mappenummeret 24/655.

Fristen for å sende innspel er 16. august 2024.