Verdsdagen for psykisk helse

5.trinn markerte "verdsdagen for psykisk helse" på skulen måndag 12.oktober.

Arbeid med psykisk helse er viktig arbeid for å mestre livets utfordringar i alle aldersgrupper. Og årets tema "spør meir" og interessere seg i kvarandre er noko elevane kan relatere seg til i kvardagen.

Av elevgruppa vart det valgt ut tre  elevar som sto som ambassadørar for dagen. Dei forberedte og hadde ansvar bak stand, der dei delte ut saft og spørsmål til dei som vitja standen.

Ein spennande, lærerik og annleis skuledag som dei vil hugse lenge.