Trygt og godt skulemiljø

 

Denne veka har vi på Nerlandsøy skule hatt besøk av mobbeombudet i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg. I samråd med FAU inviterte vi til foreldremøte for 4.-7.trinn. Det vart ei veldig god økt for både tilsette og foreldre, som veksla mellom foredrag og gruppearbeid. 

Kristin Øksenvåg Åse Bårdsnes Dypvik

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mobbeombodet kan støtte og rettleie barn, ungdom og foreldre i vanskelege situasjonar knytt til utrygt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet er uavhengig og talar alltid barn og unge si sak. Tilsette ved skular kan også ta kontakt for å få rettleiing i korleis arbeide med skulemiljøsaker.

Skulen og foreldra skal samarbeide og i lag sørge for at alle barn og unge får høyre til i trygge og gode skulemiljø, og førebygge mobbing og utanforskap. Vi fekk formidla temaet frå ulike synsvinklar, med døme som kunne vore frå verkelegheita. Det juridiske ansvaret som skulen har, med vår plikt og ansvar, og foreldra sitt ansvar for å medverke til at skulemiljøet er godt for alle. Det gjorde temaet både forståeleg, nært og sårt. Kva om det skjer at barnet ditt blir utsett for mobbeåtferd eller ikkje er trygg i fellesskapet? Eller kva om barnet ditt utøver mobbeåtferd eller gjer det utrygt for andre? Kva gjer eg? Kva gjer du? Kva gjer vi i lag? 

På skulen er det viktig å bruke tid på både den sosiale og faglege utviklinga. For at alle skal kunne utvikle seg, er tryggheit ein sentral faktor. Skulen skal vere ein trygg stad for alle. Relasjonsbygging mellom elevar, og relasjonsbygging mellom vaksne og elevar, er særs viktig i skulekvardagen. Ikkje berre ei lita stund, men som ein del av opplæringa kvar einaste dag. For at elevane skal trivst og ha det godt i lag, må også skulen og foreldra samarbeide om korleis alle skal kjenne seg inkluderte. Vi treng kvarandre til dette viktige arbeidet. Livet på skulen, livet i heimen og livet på fritida kan ikkje delast opp. Alt påverkar kvarandre. 

Kristin legg det fram for oss på ein konkret og rett fram måte. Det er ikkje noko tvil om kva oppgåve vi har i lag. Men korleis få det til i praksis? Det er ikkje noko fasitsvar, men skulen har eit ansvar for å invitere til samarbeid, informere foreldra om kva vi gjer på skulen, ta foreldra med på laget, arbeide for å oppnå tillit, forvente medverknad, m.m. Foreldra treng å oppleve at vi ynskjer å ha dei med. Det skal vere lett å ta kontakt med skulen om det er noko foreldra ynskjer å snakke om eller bidra med. Vi håpe foreldra kjenner det slik på Nerlandsøy skule.