Trafikktryggleik og brubygging

I takt med at ei ny Nerlandsøybru tek i form, opplever mange av skuleborna tungtransport og store maskiner på nært hald. Korleis skal dei forhalde seg til det?

To born og ein lastebil - Klikk for stort bilete Heidi Leine

Fredag 28. april var vi så heldige å få besøk av HMS-rådgjevar ved Volda maskin og prosjektleiaren for den nye Nerlandsøybrua. 

Dei fortalde elevane om den nye brua, kva som har blitt gjort til no og kva som skal skje vidare fram mot ei ferrdig bru, våren 2025. Borna var ivrige med i samtalen, og skapte ei fin diaolg. Dei kom med mange store og nyttige spørsmål sett frå deira ståstad.

Vidare fortalde og lærte dei oss om trafikktrykkleiken kring eit anleggsområde, tungtransport/lastebilar, og kva det vil seie å vere i ei blindsone. Her er det viktig å bli sett, og gi teikn til kvarandre at vi har sett kvarandre. Opplegget vart avslutta med at ein lastebil kom å visste elevane kva dette ville seie fysisk. 

Takk for besøket!