Temaveke

«Dette vil vi gjere igjen!»,- Var svaret til elevane, då vi spurte korleis temaveka hadde vore.

5.til 7 trinn fekk låne kostymer av Herøyspelet 

Veke 43 var ei spennande veke, for små og store.  Heile skulen, frå 1. til 7.trinn jobba tverrfagleg om «vikingtida» og «kvalsundskipet». Då det i år er 100år sidan Kvalsundbåtane vart funne, var det naturleg at dette og «vikingtida» vart tema for temaveka vår.

Med godt samarbeid frå grendalaget i bygda, lokale historikarar, Herøyspelet, Sunnmøre museum og «NRK Supernytt», fekk vi kunnskap og opplevingar vi seint vi gløyme.

Tusen takk til alle involverte.

Her kjem ein liten bildeserie.