Snart jul på ekte

 

På siste skuledag før jul hadde vi skulegudsteneste på Nerlandsøy skule. 

Elevane Marthe og Jonas på 7.trinn var programleiarar og losa oss gjennom stunda på ein flott måte. 6.klasse dramatiserte juleevangeliet og kyrkjelydspedagog Karoline fortalde om den same utrulege forteljinga. Etter samlinga kosa vi oss med julegraut med mandel. Ei fin stund i lag på årets siste dag på skulen. 

Vi ynskjer små og store ei fin jul!