Skulestart på Nerlandsøy skule

 Kjære nye 1.klassingar og kjære elevar som har komt att etter sommarferie!

 

Kva er det viktigaste for deg for at du skal vekse deg stor, sterk og stødig? Kva treng du at vi vaksne gjer for at du skal bli den beste utgåva av deg sjølv? Vi ynskjer så veldig at du skal fortsette å vere nysgjerrig på kva livet kan gi deg, og gleden over små og store ting i kvardagen. Den gleden og den nysgjerrigheita kan gjere deg i stand til å lære noko nytt kvar einaste dag. Vi vil sjå deg, og kva som gjer at du er akkurat du. Vi ynskjer at du kan vekse på akkurat at du er den du er. Det er då ein veks mest, når ein får vekse til den ein er meint å vere. Vi vil vere med deg på reisa, kjære elev.  

To veker har gått fort. To veker med fokus på sosiale aktivitetar på alle trinn. Vi treng å vere i lag og gjere kjekke ting for å både bli kjend, kanskje bli kjend på nytt, eller bli enda betre kjend. Å bygge relasjonar er viktig for å kjenne seg trygg på skulen, og for å kunne lære. Heile skulen gjekk i lag til Kistevika ein av dagane. I nydeleg sommarver gjekk vi langs vegen frå skulen. Nokon var raske og andre brukte meir tid på kva som vaks langs vegen. Vel framme var det leik, leit etter småkryp under steinar og tang, klatring på berga, og matlaging på bål.  Nokon tok også initiativ til ei konkurranse om beste byggverk laga av drivved og anna ein fann i strandkanten. Takk for turen!