Skuleløp på Nerlandsøy skule

Varme og raude kinn, sveitte panner, breie smil og eit fantastisk engasjement for saka. Skuleløpet på Kvalsund vart ein suksess.  

 

Bygda viste seg frå si beste side i det flotte vèret. Kald og klar luft, svak vind og ein nydeleg himmel. Vi hadde laga oss ei runde på nokre 100 meter som elevane skulle springe i omlag ein times tid. Engasjementet var stort og elevane gjekk "all in" i oppgåva. Etter ei oppteljing kom vi fram til at elevane hadde sprunge ikkje mindre enn 426 runder til saman!  Då var det etterpå godt med ein is for kjøle seg ned. Dei imponerte oss veldig i dag, både med uthald, positivisme og engasjement. Å ville vere med å bidra til at andre skal få det litt betre, er ein veldig fin eigenskap å ha. Skulen har oppretta ein spleis for dei som ynskjer å bidra. 

https://www.spleis.no/project/235881