Reisa til steinalderen

"Eg hadde klart meg bra som steinaldermann, for eg elskar steinar!" 

2.trinn har kvar tysdag dei siste vekene reist ein tidsalder tilbake til Steinalderen. Her har dei sett, prøvd og "erfart" korleis dei levde for 10 000  år tilbake. 

Vi nytta stein som verkty til å lage mat, spyd og bål. Ikkje alt med like stort hell.  Vi produserte store mengde mjøl av korn, men det vart litt vanskelegare å fyre opp bål. Så vi vart glade då vi kom på at vi lever i ein tidsalder der fyrstikker er innafor å bruke til å fyre opp bål.

Vi har vore på flintsteinjakt, bærjakt og ikkje minst moskusjakt i skogen.

Leiren vår bekrefta etter ei stund at vi hadde sikkert svelt ihel iløpe av vinteren, då vi var forseint ute til å hente inn bær og korn. Her  fann vi berre ei inntørka nype, -men redksapet og jaktvilja var fortsatt tilstades. Så leiren bestemte seg for å gå på jakt etter moskus, Av den får dei både godt kjøtt og varm pels. Optimisk drog dei avgarde. Etter ein god time med iherdig innsats til å drage heim mosuksane, smakte det godt med ein varm kakao. Det hadde dei vell i steinalderen også...eller?