Påskeførebuingar

Påskehøgtida nærmar seg, og dei siste vekene har vi budd oss på det.

vi lagar påskekyllingar Heidi Leine

Vi har sunge tradisjonelle påskesongar, sydd eggevarmarar, høyrt påskefortelljinga, mala egg, og ordna påskepynt i alle fasongar og utførelsar. Skulen og klasseromma har blitt pynta, og snart er det heimane sin tur.

Idag har alle trinna på skulen vore samla til fellessamling i gymsalen. Det var 5.trinn som hadde ansvar for samlinga denne gongen. Det var ei fin og variert samling, med mykje påskestemning. 

Etter samlinga var det duka for påskelunsj for heile skulen. Dagferske brød med variert pålegg, og sosialt samvær rundt bordet. 

Ei koseleg stund for alle born og vaksne.

No er det berre ein dag att til påskeferie, og stemninga er til å ta og kjenne på.

 

Vi vil med dette ønskje alle ei god påske!