På soppjakt saman med 4. klasse

Spennande i skogen. Lise Myklebust Torsdag førre veke gjekk turen til gapahuken på Kvalsund. 

Kvar torsdag har 3. og 4. klasse uteskule. Gapahuken er eit turmål vi nyttar ofte. Målet for turen var at vi skulle  lage landart av ulike "materiale" som vi fann ute. Elevane laga mykje fint. Vi fikk også ein liten bonus på veg opp til gapahuken. De kom vi over ulike sopptypar, små og store størrelsar som vi sjølvsagt måtte studere. Alt i alt ein kjekk uteskuledag.