No tenner vi det andre lys...

 

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda...

Dei framførte Juleevangeliet så fint, 4.klassingane våre. Med klar og tydeleg stemme fortalde dei bodskapen i forteljinga, og skodespelarane levde seg inn i rollene sine. Både alvor og skjemt fekk vi høyre og sjå, for det er faktisk ikkje så lett å halde seg alvorleg til ei kvar tid... 

Vi fekk høyre songane No tenner vi det fyrste lys.. og andre lys, og den gode gamle Du og jeg og dompapen

Tusen takk for ei kjekk stund i lag!