Musikk på 1. og 2.trinn

 Kvar tysdag samlast 1. og 2.klasse for musikksamling på 2.klasserommet.

"Lese og skrive, og rekne er bra.

Men å få synge litt, men å få synge litt

men å få synge litt,- det gjer oss glad!"

Kvar tysdag i tredje time samlast 1. og 2.klassingane til musikktime, eller samling som vi likar å  kalle det. Då er det sang, rytme og bevegelse i fokus. Perfekt for små kroppar med mykje liv og lyd! 

I haust har vi  øvd oss på ulike kjende og kjære sangar, bevegelsesongar,engelske songar, klappeleikar, knipsing og andre rytmer.