Lesekampanje - øyhopping

Dei siste fire vekene har 1. til 7.trinn på Nerlandsøy vore på øyhopping.

 

 

Nerlandsøy skule har lesekampanje kvart år, og i år har vi prøvd eit nytt og spennande leseprosjekt!

Lesevekene starta i veke 4 til og varte tilogmed denne veka. Alle klassetrinn deltok, men med faglege tilpassningar på trinna.

Lesevekene har som mål å fremje leselyst og leseglede, og gjere elevane til enda betre lesarar. Det som var nytt i årets prosjekt er at det har eit meir tverrfagleg fokus og i tillegg dekkjer fleire sider ved norskfaget som til dømes grammatikk, ordkunnskap og lesestrategiar.

Øyhopping går i korte trekk ut på at ei gruppe elevar les den same skjønnlitterære boka samstundes som dei «reiser frå øy til øy» og løyser oppgåver.

Det vart lagt opp til to økter kvar dag på skulen. Den eine økta var lærarstyrt der det mellom anna var høgtlesing, littære samtalar og stillelesing. Den andre økta var elevstyrt, dette er sjølve øyhoppinga/oppgåvene som har tverrfagleg innhald. Her fekk elevane sjølve velje kva slags øyer dei til ei kvar tid vil jobbe med.  

Kvar klasse hadde eit klassesett med ei felles bok som dei las i både på skulen og heime i desse vekene.

1. og 2. trinn fekk klassesett av boka"politihunden falk"  med sjølve Forfattar Tone Nørvåg før jul. Derfor nytta desse trinna denne boka itilegg til dei andre bøkene i serien. Vi skreiv brev til forfattaren, bokanmeldelse, snakka om innhald, teikna Falk og fekk besøk av ei sporty politipatrulje som vi lærte mykje nytt av.

Det vart spennande og lærerikt for elevane å jobbe med,- gler oss allereie til  neste års lesekampanje.

Ønskjer alle ei god vinterferieveke