Kistevika

Tur Kistevika Lise M  Kjekk  fellestur til Kistevika for 1.-7. trinn ved Nerlandsøy skule.

Ved Nerlandsøy skule har vi som mål at alle skal ha ein god og trygg skulestart. I år hadde vi ein fin tur til Kistevika, som ligg ca. 5 km tur/retur frå skulen vår. Der leika vi i fjøra, tente bål og grilla. Vi leita etter flotte steinar og steinformasjonar og anna spennande som hadde drive på land frå storhavet. Til slutt samarbeidde elevane gruppevis der dei fekk i oppdrag i å lage "Landart" av ulike materiale som var å finne rundt omkring. Resultatet var flotte og kreative kunstverk. 

Alt i alt hadde vi alle, store og små ein super og samlande fellestur i strålande sol og med passeleg vind.