Julefest på Kvalsund

 

 

Endeleg kunne vi igjen samlast til julefest!

Frå gammalt av, så var det fyrst og fremst lærarar og prestar som etablerte juletrefestar her i landet. Vi veit ikkje heilt når dei fyrste juletrefestane vart etablerte og dei fyrste trea vart pynta, men vi veit at det vart ein viktig del av juletradisjonane på 1800-talet. Det var høgtidleg å gå på juletrefest. Borna fekk ta på seg sin finaste stas, sløyfe i håret og stram sideskill.  Dei møtte opp til glitrande juletre, song, juleforteljingar, gang rundt treet, og eit godt måltid med smørbrød og julemenn.  

Vi synes det var ein fin stad å feire julefest, på bedehuset på Kvalsund, og vi hadde ikkje mindre enn to kjekke julefestar der vi delte oss i 1.-4.trinn og 5.-7.trinn. 

Publikum fekk sjå og høyre elevane som markerte st Lucia, dramatisering av Juleevangeliet, forteljinga om Skinnvotten, og julespelet Nissen med tannverk. Å synge i kor er elevane også flinke til og foreldra fekk høyre songane Nå tennes tusen julelys, Den lure nissen, Nisseloven og Long time ago in Bethelehem. 

Sist, men ikkje minst, så fekk vi høyre solosong av 7.trinn, Let it go, med Pernille som solist. 

Heile programmet vart leia av programleiarane Nicolay og Ovedia på 4.trinn, og Marthe og Jonas på 7.trinn. 

Etter programmet vart det servert "saltmat" og "søtmat" av foreldra i bedehuskjellaren.

Takk til elevane som lagde god julestemning, takk til dei vaksne på skulen som har hatt regien, og takk til foreldra som sytte for god kveldsmat.

Vi ynskjer alle ei god og fredfull jul!