Innskriving ♥

 

Det er noko spesielt med innskriving. Både for skulestartaren sjølv og foreldra. For rektor så er det ei stor glede å få møte dei. Smilande, ivrige, forteljande, tøysete og alvorlege. Skulen si oppgåve i lag med foreldra er å føre dei vidare og gjere skulekvardagane til ei positiv og lærerik oppleving.  

Kvardagane vil endre seg, nye ting skal lærast, andre forventningar, nye vener, og mykje meir.  På innskriving var det likevel viktigast å få møte kvarandre og fortelje litt om kva vi likar og kan. Dei åtte som skal starte i 1.klasse til hausten gler seg til lekser, friminutt, leik og moro. Tre av dei ser du her. 

Vi på Nerlandsøy skule gler oss til å bli enda betre kjend med dei nye 1.klassingane våre 😊.   

Velkomen til oss!