Ein skuledag til sjøs

Idag har 1.klassingane på Nerlandsøy skule vore på teinefiske. 

Meir kunne ikkje klaffa då vi idagtidleg la ifrå kai med sjarken "Leinefisk". Blikkstille hav, og ei sol som spegla seg i dei seks forventningsfulle små ansikta ombord. 

Mykje kan verte sagt og skrive om gleda, iveren og læringskurva denne dagen. Men, bilde seier ofte meir enn tusen ord,- og med sikkerheit har Herøyflåta rekruttert seks nye fiskarar.

Tusen takk til "Leinefisk" som tok oss med.