Batterijakten 2021

   

Elevane i 4. klasse har gjort ein kjempeinnsats med å samle inn heile 382,84 kg brukte batteri som blei levert til gjenvinning.

I tre kjekke og lærerike veker har 4. klasse arbeidd med tema som resirkulering og gjenbruk, fornybar energi og miljøvennleg teknologi. Samstundes har elevane samla inn store mengder batteri med god hjelp frå heimane og brukt mykje tid på teiping av batteri. 

Dei brukte batteria som vi samla inn, leverte vi på miljøstasjonen på Mjølstadneset.