Arven på Nerlandsøy

Nerlandsøy er ein fin stad å vekse opp, gå på skule, leve og bu. 

  

 Nerlandsøy skule ligg idyllisk til, med naturen og havet rett utanfor skuleveggane. Her kjenner vi sola varme oss om sommaren, regnet piske om hausten, og den kalde stormen røske i veggan om haustene.

Det er ikkje rart at folk vi bu her, heller ikkje rart at dei ville det for fleire tusen år tilbake og. Lett tilkomst for fiskebåtane i havgapet, og for vikingskipa som skulle på tokt.  Nett dette er det funne mange spor av her på Nerlandsøy, mange er nok tapt men mange er funne og ivaretekne.

 Sidan august har arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen undersøkt ein buplass frå midten av yngre steinalder (3000-2350 f.Kr)  Det har vore spennande å sett arkeologane grave i mold i all slags vær. Dette har sjølvsagt fanga elevane si interesse når dei har køyrt forbi utgravingsplassen nesten kvar dag. Onsdag førre veke fekk vi kome å sjå nærare på utgravingane., Vi fekk studere nærare kva ein arkeolog gjer, kva dei ser etter og kva dei hadde funne. I det tidspunktet vi var der, fann dei nett ein pilspiss med mønster. Dei antok den var så gamal som fra yngre steinalder!

 

Her kan du sjå og høyre meir om utgravinga. Filmen vil opne seg i nytt vindauge.