Adventsamling

 

Den fyrste adventsamlinga på Nerlandsøy skule vart gjennomført så innmari fint! Dei flotte 1.- og 2.klassingane våre tok oppgåva si med det største alvor. 

På Nerlandsøy skule skal vi framover mot jul ha felles adventsamling kvar måndag i gymsalen. I dag var det 1.-2.klasse som hadde ansvaret for å at alle skulle kome i julestemning. Jakob og Bastian var stødige programleiarar, og Olve tente det fyrste adventslyset til Nå tenner vi det fyrste lys. Deretter fekk vi opp både rytmen og rørsla med Alfabetsongen, Clap clap-song og 1-2-3-4-5 once I caught a fish alive. Til slutt ein stemningsfull versjon av Vi tenner våre lykter. 

Tusen takk for ei fin stund i lag!