27 dagar glupare

 

  

 

 

Korleis går det med skulestartarane våre?

I 1. klasse på Nerlandsøy skule går det åtte elevar. Idag har dei telt opp at dei har gått 27 dagar på skulen.

Det er no der er god plass i skulesekken. Vi må vere kloke når vi skal fylle den.

For nokre born kan det vere  ein litt brå overgang fra barnehage til skule.

Det å skulle sitte i ro, rekke opp handa før ein seier noko i timen, og stå rolig i kø uten å dytte,- kan vere utfordrande for born med maur i beina. Ein kan ikkje forvente at borna skal kunne sitte passive ein hel dag idet dei kjem inn skuledøra. Ingen likar det, heller ikkje vaksne. 

Det er viktig med variasjon- at borna blir engasjerte, dei får vere aktive, medvirke og at læring gir meining. Når dei trivast og er trygge, kjem læring langs med. - Først og fremst handlar det første skuleåret om å lære borna korleis det er å vere elev på skulen.

Vi har fått inntrykk av at elevane trivast her hos oss. Dei har komne raskt inn i rutinene, blitt "varm  trøya" og er klare for læring.  Eit konkret eksempel kan vere det som ein elev spurte om her ein dag "Kan eg få kome imorgon også?"

Vi ynkjer dei lukke til vidare.