13.desember

I dag er det Lucia. Minnedagen til Lucia som blei ein helgen etter sin død. Lucia var ei ung kvinne som leid martyrdøden. Det vil seie at ho blei drepen fordi ho trudde på Gud. Vi har markert denne dagen , og flottare kan det vell ikkje bli.

Med ønskje om ei fin Luciafeiring.

 

Natta har svart og stor

gøymt stall og stover.

Sola har gått sin veg.

Dagen er over.

Inn i vårt mørke hus,

stig no med kveikte lys,

Santa Lucia, Santa Lucia.

 

Natta er mørk og stum.

Med eitt det susar

i alle stille rom

som venger brusar.

Sjå på vår terskel står,

kvitkledd med lys i hår,

Santa Lucia, Santa Lucia.

 

«Mørkret skal fara snart

frå fjell og dalar.»

Slik ho eit underfullt

ord til oss talar.

Dagen skal atter ny

stiga av raude sky.

Santa Lucia, Santa Lucia.

(Gjendikta av Ingvar Moe)