Uteskule

Kristine Håheim Vike  

Vi nyt tida på uteskule både små og store. Nysgjerrige auge, breie smil og filosofiske spørsmål kring natur og historie. Vi har vore på fleire turar både før og etter at skulen vart stengt, og opna opp att etter perioden med heimeskule.

På uteskule lærar vi litt av kvart. Vi har samtala om, og kjent att historiske og geografiske spor både på Moltustranda og andre stader i lokalmiljøet. Å øve på å både fortelje og lytte til andre er viktig i eit fellesskap og noko vi brukar mykje tid på. Å leite etter ting i naturen og samtale kring eit tema gjer at vi lærer mykje av kvarandre. Å ta seg tid til å filosofere over verda rundt oss kan gjer at vi kjenner at vi høyrer til. Å kjenne på samhald og vise omsorg, respekt og tolmod for kvarandre, er viktig for at alle skal ha det bra i fellesskapet. Naturen vi lever i er viktig å ta vare på for vidare generasjonar, og elevane lærer kva det vil seie å ta vare på.

På uteskule er leik og det å berre vere i lag også viktig. Å snakke om laust og fast, sorger og gleder medan ein går på tur, kan vere med på at elevane får snakka om det som opptek dei. For ein lærar er det viktig å bruke tid på å bli godt kjend med elevane, og for at elevane skal kjenne seg trygge på den vaksne dei skal vere i lag med i skulekvardagen. På uteskule har vi tid til desse samtalane.

Så godt det er å få vere ilag!

Lurer du kanskje på om vi har gløymt å halde avstand på nokre av bileta? Då er det nok bilete frå uteskule før vi måtte ta slike omsyn som m.a å halde avstand. For uteskule er ein viktig del av opplæringa elles også.