TV-aksjonen 2021

 

For ein innsats for Tv-aksjonen! Elevane på Moltu skule tok skuleløpet med det største alvor og gjorde sitt beste for å bidra til at innsamlingsaksjonen får inn mest mogleg til dei som treng det så sårt.

Barn, ikkje brud..

Eit svært alvorleg tema, som skulen har arbeidd med fram mot denne dagen. Elevane synes det er urettferdig at så mange jenter ikkje skal ha det like godt som vi har det. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Elevane har i dag gjort det dei kan for å bidra til at jenter kan ha muligheita til å velje si eiga framtid. Til saman har elevane på Moltu skule sprunge 573 runder i løypa vår. Ikkje rart at kinna var blodraude, og at det dukka opp gnagsår. Vi er utruleg stolte og imponerte av elevane sin innsats i dag.

Støtt gjerne spleisen vår!