Thorbjørn Egner

 I vekene før jul hadde 3.-4.klasse leseprosjekt om Thorbjørn Egner. Her var målet å gjere elevane kjent med dei mange bøkene, songane og særleg alle dei ulike figurane han har skrive om. Vi var innom dei mest kjende som  «Hakkebakkeskogen», «Kardemomme by», «Karius og Baktus» og «Dyrene i Afrika». Men også dei mindre kjende som «Ole Jakob på bytur», «Da Per var ku», «Den uheldige mann» og fleire.

 

Vi analyserte songar, las bøkene høgt, song songane og samanlikna karakterane med kvarandre gjennom tankekart. Elevane synest det var særs spanande å sjå at mange av karakterane i dei ulike verka hans likna på kvarandre og hadde like eigenskapar. Det var også spanande å sjå at bøkene hans ofte ville lære oss noko. Som til dømes i «Karius og Baktus» er det viktig å pusse tennene, i «Ole Jakob på bytur» får vi lese om kva som kan vere farleg når vi er i byen (som trafikk og liknande) og i «Kardemomme by» der det kjem fram at det er viktig å gi alle ein sjanse, sjølv om dei kanskje har gjort litt dumme ting tidlegare.

Gjennom prosjektet arbeidde elevane med si eiga bok om Thorbjørn Egner. Der samla dei informasjon og teikningar frå dei kjende verka hans. Bøkene hadde både innhaldsliste og sidetal, så vi kan seie at de sjølve vart forfattarar for ei lita periode. Vi laga også ein stor felles plakat der elevane teikna mange av figurane frå Thorbjørn Egner sine verk.

Det er ingen tvil om at dette prosjektet har opna augene for Thorbjørn Egner. Det var mange ting han har skrive som dei hadde høyrt før, men ikkje visste var laga av same forfattar. Vi har både lært og lest mykje, samtidig som vi har hatt det kjekt. Og kva er vel betre enn det?