Sporlaus ferdsel

 Det å ferdast sporlaust handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk når ein ferdast i naturen. For at dei som lever etter oss skal få nyte urørt natur på samme måte som oss, har vi eit felles ansvar for å ta vare på den.

 

 

Slik ferdast vi på Moltu skule sporlaust i naturen:

  • Vi tek alltid med oss tilbake det vi har tatt med oss ut på tur. Søppel som ligg att kan vere skadeleg for dyra i naturen. 
  • Vi unngår å trakke nye stiar der det allereie eksisterer ein sti.
  • Tenner vi bål brukar vi ein bålplass som allereie eksisterar.
  • Vi viser omsyn til dyre- og fugleliv når vi oppheld oss i naturen.