Skulestart ❤

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fyrste skuledag er ikkje ei høgtid slik som jul og påske, men det kan kanskje kjennes litt slik likevel. Difor heisar vi flagget, og aller mest for dei nye førsteklassingane våre❤️

Vi er opptekne av å gi dei ein god start og å gi rom for både gleding og gruing. Trivsel og relasjonar er mest i fokus den fyrste tida. Då legg vi eit godt og naudsynt grunnlag for læring. Lukke til!🙂