Siste skuledag!

For ein dag!👍😊😍
Det er både godt og vemodig å kunne avslutte skuleåret, slik vi har gjort i dag. 

Vi har hatt eit kjekt år, og eit rart år. I dag har vi både smilt og grått. Vi har tatt avskjed med alle elevane, og spesielt med 7.klassingane som skal vidare på ungdomsskulen. Ein kjekke gjeng som vi kjem til å sakne❤. Vi har hatt besøk av foreldre frå Fau, som takka for i år. Takk til alle dykk foreldre for gode ord, og takk for at vi har fått låne det kjæraste de har😊. God sommar til alle, frå oss på Moltu skule!