S K U L E S T A R T ❤

Moltu skule har starta året med visjonen "Vi gjer kvarandre GOD". Å vere i lag og på lag, sanke positive erfaringar i fellesskap, hjelpe og støtte kvarandre...

1. klassingane våre har gått gjennom ei av dei viktigaste vekene i livet sitt, og dei er einige om at det gjekk veldig fint for seg. Skule er kjekt!

Framover vil skulen ha fokus på lesing, og lesing i alle fag. God lesekompetanse er ikkje berre eit grunnlag for å lære i alle fag, men også viktig for å kunne lukkast i dei fleste situasjonar i livet. Evne til å finne fram til og hente ut informasjon, å tolke og forstå innhaldet i tekstar, samt å reflektere over teksten si form og innhald, er naudsynt for å kunne delta i eit kunnskapsbasert samfunn.