Prosjekt verdsrommet

 

Visste du at dersom vi køyrde bil frå Jorda til Neptun i 100km/t ville det tatt nesten 5000 år? Eller at Jupiter og dei andre gassplanetane ikkje har ei fast overflate, som gjer at det ikkje går an å lande der?

Det har i alle fall vi funne ut av, i tillegg til mykje, mykje meir.

I vekene etter vinterferien har 1.-4.trinn arbeidd med temaet verdsrommet. Det har handla om solsystemet vårt og alle planetar, asteroidar, dvergplanetar, kometar, månar og mykje anna som finst der oppe, så utenkeleg langt vekk. Elevane har vist stor interesse og engasjement over alt det vi har funne ut av og lært om.

Vi har hatt eit stort tankekart i klasserommet som vi har fylt ut litt etter litt, etterkvart som vi har lært meir og meir. Elevane har laga faktabøker i Book Creator med både setningar og bilete. Dei har og laga sin eigen planet, der dei sjølve fekk bestemme namn, utsjånad og kven som skulle bu på planeten.  

Prosjektet held fram til påske så vi har ei veke att. Den siste veka skal elevane få lage faktafilmar i Clips. Dei skal også ha gruppearbeid der kvar gruppe skal arbeide både todimensjonalt og tredimensjonalt med planetane. Vi skal nemleg utforske materialet pappmasje.

Det er ingen tvil om at dette har vore eit prosjekt som har vore motiverande for elevane. Det har vore fleire dagar at elevane har vore att etter skuletid, fordi dei har så mange spørsmål dei måtte ha svar på. Slikt engasjerar både store og små. Så om nokon lurer på noko om verdsrommet, er det berre å spørje elevane på 1.-4.trinn. Dei kan mykje.