Noko er i gjerde... 😮😲😁🤣

Kjære 7.klassing ❤️ Snart er du ungdomsskuleelev. Overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen kan kjennes i kroppen på fleire vis for elevane. Ein kan glede seg, og ein kan grue seg. Ein kan også kjenne på fleire kjensler samstundes.

 

I dag fekk 7.trinn besøk av rektor Tore og rådgjevar Johanne frå Stokksund barne- og ungdomsskule. I Herøy kommune sin offentlege skule er vi opptekne av å gjere det vi kan for å trygge både elevar og foreldre på overgangen som opptek oss på ulike vis. Sjølv om det er ei stund til enda, så er det viktig å legge til rette for at elevane får kjennskap til ungdomsskulen og noko av det som vil møte dei der. Fram mot nytt skuleår vil det også bli arrangert elevtreff for elevane på 7.trinn på Moltu, Leikanger og Stokksund skular. Relasjonsbygging er viktig for å kjenne seg trygg og for å få ein så god start på ungdomsskulen som råd.