Livet i og ved havet

 

Det er utruleg mykje som leve i havet og ved havet. 1.-4.trinn skal i fire veker framover lære om mykje av det vi kan finne, og vi starta prosjektet med ein tur i Vikefjøra i Fosnavåg. 

 

Målet med turen i Vikefjøra var å finne så mange ulike artar som lev i fjøra som mogleg og lage eit akvarium. Vi fann veldig mykje spanande. Fleire titals krabbar, reker og sjøkreps. I tillegg til babybreiflabb, muslingar, sjøanemone, tang, tare og mykje meir. På slutten av dagen gjekk vi tur til Toftestøda der vi besøkte eit naust og snakka om krabbeteine, fiskeutstyr og kor viktig det er å bruke redningsvest. Vi hadde ein fantastisk tur med ein kjekk gjeng elevar som både var engasjerte og lærevillige. Vi storkosa oss og ser fram mot fortsettinga på prosjektet og alt vi skal lære framover.