Kast Ballen på Moltu skule

 

1.-4.trinn er godt i gong med undervisningsopplegget Kast Ballen gjennom Norsk Handballforbund 👌.Dei viser stor iver og engasjement, og kvar dag i fyrste friminutt er det sett av tid til å øve på ulike oppgåver👏👏👏.

Opplegget legg vekt på enkel organisering av øvingane, høg aktivitet og stor grad av involvering, og variasjon med morosame og passe utfordrande øvingar som gir meistringsopplevingar.

Målet med dette opplegget er å stimulere til god aktivitet som gjer at elevene opplever glede og meistring gjennom leik med ball. 😄