Januar på Moltu skule☃️

 

 

 

 

 

Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen, og klima- og miljømedvit.   

 

Mennesket er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han på ein forsvarleg måte. Gjennom opplæringa skal elevane få kunnskap om og utvikle respekt for naturen. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring..

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kroppsøving skal bidra til å gi elevane høve til å praktisere og reflektere over samspel, medverknad, likestilling og likeverd. I kroppsøving skal elevane løyse utfordringar og oppgåver i eit mangfaldig læringsfellesskap. Faget skal òg utfordre motet deira til å tøye eigne grenser i mellom anna leik og friluftsliv. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.

Å nå måla om å oppleve naturen og bruke den som kjelde til både nytte, glede, helse og læring har vore i fokus denne månaden på 1.-4.trinn. Raude kinn, breie smil, svette panner og god stemning.