Førskule ❤

 

Det er mange hendingar i løpet av eit skuleår som gjer at ein veit kvifor det å arbeide i skulen er heilt rett. Å få treffe nye skulestartarar og deira foreldre, sjå gnisten i augene og iveren etter å få lære, er likevel noko heilt spesielt. Det har vore ein flott dag på alle vis på Moltu skule i dag. Vi gler oss til vi møtast att i august!😊