Ei reise i tid

 Å reise i tid og heilt tilbake til vikingtida har vore veldig spanande og lærerikt. Elevane på 5.-7.trinn har i haust fått arbeidd tverrfagleg med temaet vikingtid, og gått i djupna på korleis ein levde i ei tid annleis frå dagens samtid.

Tidslinja for vikingtida strekkjer seg om lag frå åra 790 til 1066.

I vikingtida budde nesten alle menneske i Noreg på store eller små gardar. På gardane var det gjerne mange bygningar. Hovudhuset var ei stor bygning som vart kalla «langhuset» - fordi det kunne vere veldig langt. Folk arbeidde eller sov i dei mindre husa. I langhuset var det ein eldstad i midten kor dei kunne lage mat, og der samla dei seg om kveldane for å ete middag. Både kvinner og menn var med på å drive garden, men mennene kunne ofte vere ute på reise så det var husfrua som var sjefen heime. Barna måtte hjelpe til på garden med det som måtte gjerast.

I norrøn mytologi var det mange gudar, og gudane hadde ansvar for kvart sitt område. Nokre gudar passa på vikingane som var på havet, andre passa på familien eller dei som kjempa i kampar. Dødsriket, kjærleiken, havet og himmelen hadde også sine eigne gudar i norrøn mytologi. Åsatrua er full av eventyrlege og grufulle forteljingar om kven gudane var og kva dei opplevde.

Elevane har fått lære om åsatrua, vikingferder, vikinggraver, laga måltid på bål, laga vikinglandsby med langhus, småhus, menneske, dyr, våpen og verkty. Dei har øvd seg på å skrive med runeteikn og loggført det dei har lært. Å bruke nærmiljøet har vore viktig i prosjektet og vi besøkte difor gravrøysene på Løsethstranda. 

Innsikt i historia og kulturen vår er viktig for utvikling av identitet og kjensla av å høyre til i samfunnet.

Å arbeide tverrfagleg over tid gjer at ein kan gå djupare inn i tema, og er med på å gi rom for undring og utforsking.

I opplæringa har elevene fått moglegheit til å utvikle engasjement og utforskartrang. Evna til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere er viktig for dybdelæring. Elevane har lært og utvikla seg gjennom å oppleve og erfare i ulike uttrykksformer og aktivitetar.