Dugnadsånda på Moltu skule

Nok ein gong er foreldra med for å gjere skulen ein god stad å vere for alle. Denne gongen var det personalrommet som fekk seg nokre strøk med maling. 

Vi er veldig nøgde med resultatet og pausene har blitt enda betre med ei god atmosfære rundt oss. Og ikkje nok med at  foreldra brukte haustferien på å gjere det triveleg for oss vaksne, så fekk vi også nye planter og pynt på veggen. Tusen tusen takk! Vi set veldig stor pris på alt det de gjer for store og små på Moltu skule.