Djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra

Kva er blåmyra trur de? spør Guri. Eg trur det har noko med blåfargen å gjere, seier ein av elevane. Eg trur det er havet eg, seier ein anna. Det har du heilt rett i, seier Guri.

Nok ein gong var vi så heldig å få vere saman med Guri Aasen som med si levande forteljarevne tok oss med i eit djupdykk blant mystiske vesen i blåmyra.

I gamle dager, ja kanskje når tippoldeforeldra dykkar levde her på Moltustranda så kalla dei havet for blåmyra, fortel Guri. I blåmyra levde det fisk og andre sjødyr som vi også kjenner til i dag, men sagnet seier at det også levde mystiske, underjordiske og merkverdige store vesen der… , som Orcha, Balena og Krakjen. Når Krakjen opna gapet rapa han ut ei grøn illeluktande masse som utruleg nok var godsaker for fisk og andre sjødyr, som Krakjen ville sluke om sjansen baud seg. Eit riktig herremåltid kunne han klare å karre til seg med den grøne guffa.

Ordtaket å fiske på krakjen kjem frå sagnet om Krakjen som la seg til ute i havet som ein holme. Er havet grunnare enn tolv famner var det om å gjere å kome seg vekk i ei viss fart, fortalde dei gamle til dei unge. Ein gong i tida var det to gutar som satt fast snøret i Krakjen. Då dei oppdaga det, kappa dei snøret og fossrodde, men to båtlengder føre kom det brått fram to spisse tentaklar. I virvaret såg dei fisk som velta til alle kantar og vatnet stod himmelhøgt. Færingen vart drege inn i dragsuget og den dansa rundt i malstraumen som oppstod. Det gjekk fortare og fortare, og dei trudde at livet var slutt… Etter kvart klarte dei å redde seg frå det med å vippe seg ut av malstraumen med åra, og rodde og rodde til både pust og krefter var oppbrukt. Med eitt så låg havet så stilt og roleg rundt dei…

Heldigvis så gjekk det bra med gutane, og det gjorde at Guri kunne fortelje oss om korleis dei overvann Krakjen. 

Elevane i 3.-4. og 5.trinn lytta med store elefantøyre, hadde munnen att som ein strek og retta opp handa når dei ville svare på spørsmål. Variasjon mellom forteljing og samtale treff blink i elevgruppa. Guri har ei utruleg fin tilnærming til både elevane og til det ho formidlar.

Takk for besøket!