B O K S L U K E R P R I S E N

   

 I haust var 6. og 7.klasse med på Bokslukerprisen. Dette er eit leselystprosjekt for 5.-7.klasser. Elevane får ein antologi med utdrag frå 10 gode barnebøker frå det siste året. Til kvart kapittel er der ulike oppgåver som vi har jobba med. Elevane har m.a. diskutert ulike sjangrar, kva som gjer at dei likar eller mislikar ei bok, dei har funne ord i teksta som dei synest var vanskelege og mykje meir. Etter å ha jobba godt med kapitla,  stemde elevane over utdraget. Dette registrerte vi på nettsida til Bokslukerprisen. Saman med vår klasse, var det ca 4000 andre klasser som gjorde det samme. Vi skreiv også ei tilbakemelding om kva vi synest var bra med boka, og kva vi synest kunne vore gjort annleis.

Fredag 23.april 2021 vart vinnaren av Bokslukerprisen kåra. Boka 'Harpa' av A. Audhild Solberg vart kåra til den beste boka dette året. Dette var ikkje ein av favorittane til 6. og 7.klasse, men likefram ei veldig spanande bok.

Sidan det var kåring av vinnaren, måtte vi sjølvsagt ha ei lita feiring. Etter matpausa sette vi på kåringa og kosa oss med is og nonstop.

Bokslukerprisen vert arrangert av Foreningen !les og vi anbefalar andre klasser å delta. Det er gratis å vere med og ein får tilsendt ein antologi med alle utdraga, (dei kan også høyrast på nettsida) og plakatar til dei ulike bøkene.