Øya Herøy - knutepunktet i Havlandet

6.klasse fekk oppleve ein kjekk og lærerik dag på Herøy Kystmuseum då dei fekk vere med på opplegget “Øya Herøy”.

Øya Herøy har i over 1000 år vore ein sentral plass i kommunen vår. Dette fekk 6.klasse lære meir om då dei fekk kome på besøk til Herøy gard. Her fekk dei mellom anna høyre om då staden var den viktigaste sosiale møteplassen i kyrkjesoknet, då der mellom anna var både postopneri, butikk og bibliotek. Dei fekk også lære om kristenretten, matkultur og tradisjonsmat, og om færing og næring. Elevane fekk prøve seg på kjøkenet, der dei baka helledrivarar og laga smør, og dei fekk vere med ut og ro i båt.

Vi takkar for ein flott dag!