Bli med på Sommarles 2024!

Det er kjempeviktig med framhald i lesing også i sommarferien. Årets Sommarles er i gang! 

Lesing er superviktig for kreativitet, fantasi og læring. I perioden 1.juni til 31.august kan alle som går i 1.-7.klasse, og dei som skal starte i 1.klasse til hausten, delta i Noregs kulaste lesekampanje, nemleg Sommarles. Her får ein tips til gode bøker, og ein kan hente seg premiar hos næraste bibliotek. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren. Sidan Herøy folkebibliotek held stengt grunna flytting, kan ein nytte Ulstein bibliotek. For meir informasjon og påmelding, gå inn på heimesida til “Sommarles”.