No kan vi dessverre ikkje ta i mot lånte bøker før etter ferien

No kan vi dessverre ikkje ta i mot lånte bøker før etter ferien

Innleveringskassa på kulturhuset i Fosnavåg er ikkje lenger tilgjengeleg. Biblioteket skal flytte til Rådhusgata 12, så kassa blir sett opp der rundt 10. august.  Innleveringskassa på Kiwi i Myrvåg er heller ikkje tilgjengeleg før etter ferien.

Som brukar av biblioteket har du utvida lånefrist på våre bøker til vi opnar det nye biblioteket i Fosnavåg sentrum, så du treng ikkje vere redd for purregebyr og erstatningskrav frå oss i Herøy. Men har du lånt på andre bibliotek er det viktig å halde innleveringsfristen deira.
 

 


 

Bokkasse vekk - Klikk for stort bilete Randi Tveit Solheim