Forfattar Svein Steinsvik kjem til biblioteket, måndag 25. november kl. 17.00
Forfattar Svein Steinsvik kjem hit for å fortelja om boka si: Ulv Sturlason - legionær og høvding.
Boka handlar om Ulv Sturlason som har vore legionær i den romerske hæren i mange år. Ulv er sonen til høvdingen i Ravnstad, eit av fleire høvdingsete i Møre. Under erobringa av Britannia er Ulv i ei gruppa med legionærar som blir sendt inn i Britannia i samband med ei avleiingsmanøver. Så drar Ulv, og to av hans medsoldatar, til Ulv sine heimtraktar. Då dei kjem dit har mykje endra seg sidan sist Ulv var heima. Mange høvdingar har ein indre strid. Ein ytre fiende har tatt makta i Møre.
I presentasjonen får du også vita ein del historiske fakta om Europa/Norden/Noreg i tidsperioden ca. år 0-200.
Du får vita om korleis forfattaren opplevde det å skriva ei bok, og meir om forfattaren sjølv. Han har budd i Herøy tidlegare, og har ein doktorgrad i kjemi, noko ein kan sjå spor av i boka.
Det blir sal av bøker.