Terje Vigen møtte Herøy kystmuseum

Det var stemningsfullt på kystmuseet då Bjørn Holum og Vegard Holum framførte Henrik Ibsen sitt dikt om Terje Vigen jonsokaftan. Opningslinja «Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste, nøgne ø...» er godt kjent for mange, og når ein får historia formidla i ein kombinasjon av Bjørn si sterke framføring og Vegard sine nydelige komposisjonar, då blir det noko heilt spesielt!

Folk på brygga framfor sjøbua på Herøy kystmuseum - Klikk for stort bileteMed sunnmørsjekta "Anna Olava" som scene midt i naturen sin eigen scenografi, fekk tilhøyrarane fylgje Terje Vigen i spennet mellom kjærleik, forlis, fortviling, sorg, hemn og forsoning. Eileen Gjerde

Handlinga i diktet er frå Napoleonskrigen i byrjinga av 1800-talet. Danmark-Noreg støtta fransk side under krigen, og vart råka av den engelske handelsblokaden som stansa livsviktig import av korn til landet vårt. 

Gjennom Bjørn sin song og tale, og Vegard sitt tonefylgjet formidla gjennom trompettonar og elektronikk, fekk vi vere med då Terje Vigen rodde til Danmark for å skaffe korn til dottera Anna og kona. På veg heim vart han stoppa av ein engelsk korvett, og kapteinen senka både båten og kornet. Terje vart teken i fangenskap hos engelskmennene, og når han etter fem år kjem heim, finn han både dottera og kona døde. Høgdepunktet i diktet er når Terje, som seinare har blitt los, kjenner igjen den engelske lorden som i si tid tok han til fange. Han hemnar seg, og lorden får vite kva Terje meiner om sosiale skilnader og kva det vil seie å misse familien sin. 

Joachim Eiksund fylte rolla som Terje Vigen roande i ein bjørkedalsfæring frå museet, og saman med Bjørn og Vegard framførte dei historia på ein fantastisk måte og framsyninga var ei sann oppleving!

På kystmuseet vart dei ca. 130 besøkande møtt av ei lita utstilling med informasjon om historia frå 1807-1814, med særleg fokus på dei utfordringane vi hadde i Herøy i den aktuelle tida. Særleg interessant var Arve Myklebust si innleiing der han fortalde kva som var bakgrunnen til at han fatta interesse for historia som førte til framsyninga, i tillegg til utdraga frå diktet “En heltedåd” skrive av Ole Hagemann, og som handlar om Magnus Tonga, som saman med Tambur-Elling frå Volda med fleire tok turen frå våre trakter til Danmark i same ærend som Terje Vigen. 

Publikum hygga seg med rjomegraut, nysteikte vaflar og kaffi på tunet før framsyninga.

Publikum på tunet til Herøy kystmuseum - Klikk for stort bileteDet var eit interessert publikum som fekk høyre Arve Myklebust fortelje om ideen bak framsyninga. Eileen Gjerde