Sommarsesongen er over, men snart kan du vere med på pilegrimsvandring

5. oktober er du velkomen til å vere med på pilegrimstur med vandring i Herøy og Sande.

Representantar frå nøkkelstaden Herøy tok i mot verdikista på Herøy - Klikk for stort bileteLaurdag 5. oktober inviterer nøkkelstadgruppa i Herøy, i samarbeid med Brekkegarden i Gjerdsvika, til pilegrimsseglas og vandring frå Herøy til Gjerdsvika, Moltu og tilbake til Herøy. Herøy gard og kystmuseum

Sommarsesongen er over på Herøy kystmuseum, og frå laurdag 31. august har vi ikkje lenger faste opningstider ved museet.

Vi legg bak oss ein god sesong med godt besøk frå trivelege gjestar frå alle kontinent. Gjestene har funne turen til oss både gjennom gode reiselivskollegaer lokalt og i regionen, Fjord Norway og pilegrimsleden, og ikkje minst har vi mange faste kundar i vår eigen region som kjem tilbake gong etter gong! 

Laurdag 5. oktober inviterer nøkkelstadgruppa i samarbeid med Brekkegarden i Gjerdsvika til pilegrimstur og vandring i vårt eige nærområde. Tilbodet er ope for alle, og vi vil kome tilbake med meir informasjon fyrste veka i september.

Les meir om Brekkegarden her.

Sjølv om museet ikkje har faste opningstider, minner vi om at grupper er velkomne heile året, så ta gjerne kontakt med oss for tilbod om omvising, servering og opplevingar!

Elles oppmodar vi om å nytte det vakre og fredelege tur- og rekreasjonsområdet på Herøy gard. Pilegrimshuset og pilegrimsstien er tilgjengeleg heile året, og vil du kjøpe pilegrimspass ta kontakt med Eileen Gjerde på museet tlf. 95456945 eller besøk kyrkjekontoret i opningstida. 

Gjestetoalettet ved grinda er ope til og med 15. oktober (etter haustferien).

Velkomen til Herøy gard  og Herøy kystmuseum!