Opplev skjergarden ved kystmuseet i kajakk

Frå gamalt av kom alle roande og seglande til Herøya, og staden var i fleire hundre år den viktigaste møteplassen i området. No kan du vere med på ein guida kajakktur, og bli kjend med staden si maritime historie. 

Personar som padlar kajakk - Klikk for stort bilete Eileen Gjerde

 

Turen startar ved Herøy kystmuseum, der du møter guiden og dei andre gjestane. Her får du informasjon om turen og nødvendig utstyr. Turen er 3-5 km lang, vert tilpassa ferdigheitsnivået til gjestane og skjer i skjerma farvatn. Ein treng ikkje ha padleerfaring for å vere med.

Her kan du bestille billettar og lese meir om tilbodet